lørdag 12. september 2015

Kjeglekyllingar med 3.klasse



Eg finn inspirasjon mange stadar, men denne gongen henta eg inspirasjonen på avformshop.no.
Denne aktiviteten vart gjennomført i forkant av påska 2014. Eg og 3.klasse laga kjeglekyllingar.

Til denne aktiviteten treng du:
- kjegler (enten i papp eller isopor, eg brukte kjegler i papp)
- tynne pinnar av noko slag (eg brukte grillspydpinnar)
- trekuler med hol
- maling
- mosegummi
- penslar
- limpistol

Slik gjer du:

  • mal kjeglene i ønska farge. Dersom malinga ikkje dekker godt nok mal fleire gongar, lat tørke mellom kvar gong. 
  • tre trekulene på pinnane og lim i endane slik at ikkje kulene dett av. Mal kulene. 
  • klipp ut mosegummi til pynt.
  • montering:
    • isoporkjegler: stikk pinnane med kulene inn i isoporen. Lim på mosegummien og trekuler til auge. 
    • pappkjegler: stikk hol i pappen og putt pinnane med kulene gjennom desse. Lurt å lage hol med noko som er litt mindre enn pinnane, då treng du ikkje lim der. Lim på mosegummi og evt. trekuler til auge. 
  • Mal prikkar/anna pynt på kyllingane om dette er ønska. 
Slik vart nokre av påskekyllingane våre. Kjekt med litt alternativ og moderne påskepynt!

Monsterbokmerker i 3.klasse




Eg valte dette prosjektet på grunnlag av tips frå ein kollega med ønskje om å lage slike. Elevane i 3.klasse mangla bokmerker og ho synes desse var kule. 

Eg fann instruksjonar på pinterest til korleis desse vart laga, og då det var fleire metodar vart det til at eg valte ut ein av dei. Eg gjorde det slik:

Brett eit A4 ark i to, når du då opnar det opp igjen har det ein brett på midten:

Vidare tek du å brettar to av hjørna inn mot bretten på midten av arket.
Klipp av det som vert under dei to trekantane, då vert det slik:

Så klipper du mellom dei to trekantane, då sitt du att med to doble trekantar:

Når du då opnar dei opp har du to kvadrat. Eg vil vidare vise kva du skal gjere med kvart kvadrat. Begynn med å brette kvadrata på midten:
Gjer det slik begge vegar og opne dei opp att. Då skal kvadratet sjå slik ut:
Så klipper du ut eit av dei heile kvadrata (ikkje eit som er delt i to, om de forstår kva eg meinar), slik:
Brett arket slik:
Klipp av dei to bitane som du har bretta inn:
Så må du leite fram limstifta. Brett inn den eine trekanten og ha på lim:
Deretter brettar du inn den andre trekanten. Då limast dei to trekantane saman og du får noko som ser slik ut:
Då er det berre å leite fram papirrestar i forskjellige fargar og pynte i veg:
Eg håpar denne forklaringa var forståeleg då eg har ein tendens til å gjere ting ein smule komplisert.
Det eg vil påpeike var at elevane synes denne aktiviteten var kjempekjekk og dei var utrulig kreative. Det vart mange angrybirdsinspirerte og kakemonsterinspirerte bokmerke, men også mange monsterbokmerker. 

Fingerhekling med 1.klasse

Målet med denne aktiviteten var å lære elevane å fingerhekle, men også å øve på motorikk og fingerferdigheiter.
Her fekk elevane velje farge på tråden sjølve og vi brukte lang tid på å øve inn metoden. Elevane vart etterkvart veldig flinke, men for somme tok det litt tid å forstå korleis dei skulle gjere det.

For at dette ikkje skulle verte ein aktivitet utan mål og meining måtte vi jo bruke fingerheklinga til noko. Vi vart einige om at vi skulle montere den på eit A3 ark, men kva skulle vi lage med den?
Etter noko tenking kom vi fram til at det kunne vere kjekt å lage ei åme.

Dermed måtte elevane fingerhekle til åma var ferdig, men det vart sjølvsagt mykje meir fingerhekling enn nødvendig. Det overflødige laga vi armeband og liknande av.

Her ser dykk det ferdige resultatet:
Kva synes de? Vart åma til 1.klasse fin?

Duskebamser med 1.klasse

Denne aktiviteten gjennomførte eg med 1.klasse. 
Elevane laga duskar i forskjellige størrelsar. Dei laga til saman 9 duskar.
Ein stor til kropp.
Ein litt mindre til hovud.
Fire forholdsvis små til armar og bein 
og 3 små til øyrer og hale.

Når elevane var ferdige med alle duskane monterte eg dei saman til ein bamse. 
Dette gjorde eg ved hjelp av ei stor nål og dei trådane som var på duskane (den tråden som eg brukte for å binde saman dusken).
Når bamsen var montert fekk elevane velge knappar, som vi limte på med limpistol til auge og nase. 




Som de ser vart bamsane veldig fine og elevane var utruleg stolte av resultatet! 
Sjølv om dei ikkje trudde i prosessen at det nokon gong kom til å verte ein bamse