Eg finn inspirasjon mange stadar, men denne gongen henta eg inspirasjonen på avformshop.no.
Denne aktiviteten vart gjennomført i forkant av påska 2014. Eg og 3.klasse laga kjeglekyllingar.
Til denne aktiviteten treng du:
- kjegler (enten i papp eller isopor, eg brukte kjegler i papp)
- tynne pinnar av noko slag (eg brukte grillspydpinnar)
- trekuler med hol
- maling
- mosegummi
- penslar
- limpistol
Slik gjer du:
- mal kjeglene i ønska farge. Dersom malinga ikkje dekker godt nok mal fleire gongar, lat tørke mellom kvar gong.
- tre trekulene på pinnane og lim i endane slik at ikkje kulene dett av. Mal kulene.
- klipp ut mosegummi til pynt.
- montering:
- isoporkjegler: stikk pinnane med kulene inn i isoporen. Lim på mosegummien og trekuler til auge.
- pappkjegler: stikk hol i pappen og putt pinnane med kulene gjennom desse. Lurt å lage hol med noko som er litt mindre enn pinnane, då treng du ikkje lim der. Lim på mosegummi og evt. trekuler til auge.
- Mal prikkar/anna pynt på kyllingane om dette er ønska.
Slik vart nokre av påskekyllingane våre. Kjekt med litt alternativ og moderne påskepynt!
Haha kor artige! !
SvarSlett